Arbeidsprosess & tenester – Finurlig

For oss i Finurlig er heilskap viktig, og arbeidsprosessen vår er nært knytt opp mot tenestene vi tilbyr.

Rådgiving og konseptutvikling

Slagordet vårt er smart kommunikasjon, og i denne korte setninga ligg det eit viktig kundeløfte. Vårt mål er å finne dei rette kommunikasjonsløysingane for deg og di verksemd, og då må faktorar som målgruppe, kostnad, plattformer og format takast med i vurderingane. Dette er slikt som vi alltid har i bakhovudet, og som former måten vi arbeider på.

Kom gjerne til oss med eit behov eller ein ambisjon. Då kan vi gje innspel på kva vi trur vil skape størst mogleg verdi for deg, og kva du vil ha størst nytte av i tida framover. Ofte er ein fem minutters prat, eller ein kort e-post alt som skal til, så ta gjerne kontakt.

Innhaldsproduksjon

Når vi har fått oversikt over kva kommunikasjons- og/eller designløysingar som passar deg og di verksemd startar innhaldsproduksjonen. Tekst, foto, typografi, former og fargar er gjerne sentrale komponentar i denne fasen.

I Finurlig forsøkjer vi å skape engasjerande innhald og løysingar som ikkje alle andre har. Dette er grunnen til at vi alltid lagar alt frå botn av ut frå dine ønskjer og behov. Hos oss finst det ingen ferdigmalar, for vi meiner at di verksemd fortener betre enn som så. Resultatet av ei slik tilnærming gir betre tilpassa løysingar som varer lengre.

Ferdigstilling og vegen vidare

Når innhaldet er på plass må det settast i system og presenterast på ein skikkelig måte. Vi kan handverket, uansett om løysinga er meint for skjerm, trykk, eller begge deler.

Men ei ferdig løysing er i mange tilfelle berre starten på noko meir. Ein ny logo skal kanskje nyttast på profilmateriale eller implimenterast i sosiale medier. Ei ny nettside bør kanskje promoterast. Trykksaken skal kanskje distribuerast, eller ein kampanje for eit produkt, ei teneste eller eit arrangemet administrerast. Vi i Finurlig hjelper deg gjerne med å få mest mogleg ut av investeringa di, og med å gjere di verksemd synleg over tid.

Finurlig skal vere ein samarbeidspartnar som tar vare på di verksemd sine kommunikasjonsbehov. Vi har kompetansen som skal til frå idéfase til marknadsføring og distribusjon.