IntoPoint – Finurlig

IntoPoint

IntoPoint kombinerer nettvardar med nettsider fylt med innhald tilpassa spesifikke geografiske punkt. Eit IntoPoint forsterkar opplevinga av alt frå lokale attraksjonar til utkikkspunkt og historiske stadar, og kan også nyttast til å skape opplevingar og aktivitetar.

Finurlig utvikla i 2017/2018 rammeverket til IntoPoint, og lanserte ein prototyp i Bulandet og på Værlandet sommaren 2018.

Vi tilbyr no IntoPoint som eit produkt frå Finurlig. Eit IntoPoint-punkt består av ein nettvarde og ei tilhøyrande nettside, og ei IntoPoint-løysing består av x-antall slike punkt.

Det er stor fleksibilitet knytt til kor mange punkt som inngår i kvar løysing, og kva innhald dei ulike punkta kan fyllast med. Vårt mål er å nytte IntoPoint til å aktivisere og engasjere brukarane, og ikkje berre formidle informasjon.

Har du spørsmål, eller skulle vere interessert i ei IntoPoint-løysing? Kontakt oss gjerne, eller besøk intopoint.no