Om Finurlig – Finurlig

Finurlig er eit ungt og ambisiøst kommunikasjonsbyrå som ønskjer å bistå verksemder i Sogn og Fjordane med å bli tydelegare versjonar av seg sjølv.

Finurlig vart etablert i Bergen i 2010 av Stig Hovlandsdal Øvreås. Den gongen var mesteparten av arbeidet knytt til trykksaker, men med åra vart tenestetilbodet utvida, også mot digitale flater.

Då Stig flytta heim til Høyanger kommune i 2013 følgde Finurlig med som del av flyttelasset, og med ei stadig aukande oppdragsmengd kom behovet for nye kreative hovud på laget. I 2016 starta både Sandra Stølen frå Atløy i Askvoll og Linn Bente Grimsmo frå Aure på Nordmøre i Finurlig. Dei tok med seg nye kompetanseområde inn i verksemda, og har med det gjort Finurlig til eit framtidsretta kommunikasjonsbyrå med eit stort kreativt repertoar.

Vi trivst best når vi utviklar kommunikasjon og design som har det lille ekstra. Våre løysingar skal skape merksemd og slagkraft i ei verd med mange inntrykk.

Nokre av dei vi har jobba for