Elvetorget – Finurlig

Elvetorget

Kjøpesenteret Elvetorget, midt i Førde sentrum, har fått sin visuelle profil levert av Finurlig i samarbeid med Fjordprofil.

Eit kjøpesenter er ein sosial stad der folk handlar og møtes for å slå av ein prat med kjente. Funksjonen som møtestad ligg som fundament for konseptet bak den nye profilen til Elvetorget, eit senter med eit breitt utval frå omlag 40 ulike butikkar, og blir også understreka av ordet «torg» i senternamnet.

Med sin plassering midt i Førde, og med ein torgplass utanfor (eit unikt trekk ved Elvetorget), er det naturleg å spele på nettopp torget også i profilsamanheng.

Den nye logoen består av to stiliserte snakkebobler som saman dannar bokstaven T. Dette for å symbolisere det sosiale ved å «møtast på torget», noko som og blir understreka av slagordet «trivsel på torget». Det fleksible slagordet kan og dukke opp i andre former som «vårfest på torget», «tilbod på torget», eller noko heilt anna, alt etter behov. Logoen er også fleksibel, og tilpassa bruk på alle tenkelege flater, med sin responsive design.

Fargane i den nye profilen er friske og ungdommelege, og gir eit hint om at Elvetorget ikkje er som alle andre kjøpesenter. Som eit frittståande lokaleigd senter kan Elvetorget tillate seg å vere litt meir personleg og fri i stilen enn andre, og tilby ein uformell atmosfære. Fonten som er nytta er også vennleg i stilen, og har eit ekstra trykk på «torget».


Finurlig stod, i samarbeid med Fjordprofil AS, for:

Visuell profil: logo, fontar og fargebruk

Ta kontakt, så finn vi gode kommunikasjonsløysingar til deg også.