Envira – Finurlig

Envira

Envira er eit selskap frå Solund som satsar stort på maritim passasjertransport der opplevingane står i sentrum med ruter både i Norge og i Kroatia.

Profilen til Envira tar utgangspunkt i selskapet sin visjon om å ta ei leiande rolle innan samfunns- og miljøansvar i bransjen. «Å vise veg» ligg som eit sentralt konsept, også i logoen, som både symboliserer eit fyrtårn og ei pil. Denne symbolikken går også igjen i andre deler av profilen, mellom anna med ein gul komplementærfarge som symboliserer lyset frå fyrtårnet, og ulike former for piler. Lyset frå fyrtårnet dannar ei trekanta form som flyt utover, ei form vi har brukt som biletramme på til dømes visittkort. Sette for å bryte opp layouten, og skape eit særpreg.


Finurlig stod for:

Visuell profil: logo, fontar og fargebruk

Presentasjonsmal

Visittkort





Ta kontakt, så finn vi gode kommunikasjonsløysingar til deg også.