Fjordpanel – Finurlig

Fjordpanel

Fjordpanel er eit nytt komposittmateriale med fleire fortrinn på den globale marknaden. Det mineralbaserte materialet kan handsamast som treverk, men brenn ikkje. Ein stor fordel i tog, skip og bygningar som stiller ekstra store krav til tryggleiken.

Det største marknadsføringspoenget til Fjordpanel er at det er eit trygt materialval. Dette blir gjenspegla i den visuelle profilen utforma av oss i Finurlig, der logoen består av eit par vinklar med fleire lag som rammar inn teksten “fjordpanel”. Dette for å symbolisere det beskyttande aspektet ved Fjordpanel, som “ligg utanpå” det ein ønskjer å skjerme frå fare.

Fargepaletten er kjøleg for å understreke distansen til ild og brann, men har også nokre varmar tonar i seg som gir assosiasjonar mot treverk og meir menneskelege verdiar som omsorg og det å ta var på dei ein er glad i.

Nettsida nyttar bilde frå den vestlandske vinteren som spelar på det kjølege, og som plasserer Fjordpanel i ein nordisk kontekst på den globale marknaden. Den samla profilen gir inntrykk av at Fjordpanel er litt meir eksklusivt og unikt enn andre bygningsmaterial, noko som er eit bevisst grep då Fjordpanel kostar meir enn andre material på marknaden som manglar dei same spesifikasjonane.

Sjå nettsida på fjordpanel.com.


Finurlig stod for:

Visuell profil: logo, fontar og fargebruk

Web design

Ta kontakt, så finn vi gode kommunikasjonsløysingar til deg også.