Ytre Sogn – Finurlig

Ytre Sogn

Redesign av lokalavisa Ytre Sogn både på nett og papir.

Vi har gjort det visuelle uttrykket meir moderne og heilskapleg både på nett og papir. Papiravisa har blant anna fått ein meir strukturert layout med nye kategoriar, og ytresogn.no er ei oversiktleg og enkel, men funksjonell nettavis med god tilpassing til ulike skjermtypar.

Mange av dei etablerte løysingane for nettaviser er både avanserte og kostbare, og med det gjerne urealistiske for mindre lokalaviser å nytte seg av. Ytre Sogn hadde behov for å modernisere nettsida si og emulere standardane til dei større avisene, samstundes som kostnadane vart haldne på eit lågt nivå.

ytresogn.no har i dag ein del grunnleggande funksjonalitet som støtte for annonser, e-avis, diverse kontaktskjema og kategorisering av saker ut frå tema og nøkkelord. Nettavisa har og ein del “småstoff”, som instagramfeed og personlege helsingar.

Besøk ytresogn.no her


Finurlig stod for:

Avisdesign

Webdesign

Logo for digitale plattformer

Facebookprofil

Ys logoYtre Sogn nettavis

Ytre Sogn papir

Ytre Sogn papir

Ytre Sogn papir

Ta kontakt, så finn vi gode kommunikasjonsløysingar til deg også.