Trappeløpet – Finurlig

Trappeløpet – 1268 trinn til topps

Trappeløpet – 1268 trinn til topps er eit “avansert stigespel” for heile familien med tematikk henta frå Norges brattaste motbakkeløp, nemleg Trappeløpet i Høyanger. Målet med spelet er, naturleg nok, å komme først i mål.

I starten av spelet får alle spelarar tildelt kvar sin lokale sponsor som hjelper til i løpet når ein landar på eit sponsorfelt. Ein kan og lande på sjansefelt, energiboostfelt, formsviktfelt og krampefelt.

Trappeløpet – 1268 trinn til topps inneheld:

• Spelebrett
• 4 spelefigurar
• 4 x 20 sponsorkort
• 30 sjansekort
• Regelark
• Terning

Spelet kostar kr. 350,- og kan mellom anna hentast i resepsjonen til Ytre Sogn i Høyanger. Vi kan og sende det i posten. Frakt kostar 100,-.

Betaling er via Vipps til 523156, eller i form av faktura. Send oss ei melding på Facebook eller ein e-post om du ønskjer eit eller fleire eksemplar!