Om oss


Ambisiøse og engasjerte

Finurlig er eit kommunikasjons- og designbyrå som set verdi­skaping for kunden først. Vi har mål­grupper, formidling og distribusjons­kanalar i bak­hovudet uansett kva uttrykks­former vi jobbar med. Om du ønskjer å få utarbeida ein logo, eit emballasje­produkt eller ei nettside er det alltid nokon du ønskjer å nå, og vi veit korleis du når dei.

Mange av våre kundar har nytta oss fast som sin samarbeids­partnar innan formidling over lang tid. Det skapar kostnads­effektive løysingar og konsistente uttrykk. Vi er ein profesjonell samarbeids­partnar for profesjonelle aktørar som ønskjer langsiktige kommunikasjons­løyingar som gjer jobben dei er meint å gjere.

Finurlig – del av ein større heilskap

Finurlig vart ved årsskiftet 2021 del av eit mediehus i Høyanger saman med lokalavisa Ytre Sogn. Dei to selskapa er no individuelle avdelingar i mediehuset, der avdelings­leiar Stig Hovlandsdal Øvreås i Finurlig og har rolla som dagleg leiar i mediehuset.

Vår arbeidsprosess

Vi jobbar best og skapar størst verdi for våre kundar når vi får høve til sette oss godt inn i måla deira, og forutsetningane som ligg til grunn for formidling, design og kommunikasjon. Marknadsføring og kommunikasjon kan ta svært mange former, og kva som er dei mest kostnads­effektive og fruktbare løysingane varierer frå situasjon til situasjon, og kunde til kunde.

Første steg i vår arbeids­prosess er derfor å bli kjent med deg og dine behov. Kom til oss med tankar, idéar, ønskjer og ambisjonar, så kan vi gi forslag til konkrete marknadsførings- og formidlings­løysingar tilbake. Finurlig skal vere ein trygg samarbeids­partnar for profesjonelle aktørar som set pris på målretta og strukturerte prosessar. Vi spelar på lag, og finn svara saman med deg.

Når vi har fått ei god forståing for deg og ditt prosjekt startar innhalds­produksjon, utforming av produkt og løysingar, og til sist, distribusjon i ulike kanalar. Vi jobbar med ei rekkje typar innhald og slutt­produkt, og på sida «Tenester og produkt» kan du lese meir om kva vi kan tilby. Om du har eit spesifikt behov, ønskje eller prosjekt som du ikkje finn på «Tenester og produkt»-sida må du gjerne ta kontakt med oss. Vi gjer det meste for dei fleste innan kommunikasjon, så sannsynet for at vi kan hjelpe deg og er ganske stort.


Nokre av våre kundar

Finurlig er ein profesjonell samarbeidspartnar innan kommunikasjon og formidling. Vi har kompetanse frå idéfase til innhaldsproduksjon, marknadsføring og distribusjon.

+47 977 71 113

post@finurlig.no

@finurligkommunikasjon