Elvetorget


Visuell profil og magasin

Kjøpesenteret Elvetorget i Førde er ein kjedeuavhengig møteplass med mykje personlegdom og særpreg. Den visuelle profilen til senteret gjenspeglar dette.
Elvetorget i Førde har om lag 40 butikkar og kaféar. Senteret vart bygd i 1971, den gong som Elvegården. Etter fleire påbyggingar vart Elvegården i 2012 slått saman med Førde Torg til Elvetorget. Butikkane på senteret er organisert i Elvetorget Senterforening.

Elvetorget er noko så unikt som eit lokalt eigd kjøpesenter, og butikkane som har sin tilhaldsstad på senteret har eit stort fokus på god kundeservice. Her får kundane ikkje berre varer, men og kjekke handleopplevingar på kjøpet.

Då vi fekk oppdraget med å utforme Elvetorget sin nye visuelle profil tok vi utgangspunkt i det mellommenneskelege som står så sentralt for Elvetorget som kjøpesenter. Logoen består av to snakkebobler som spelar på møter mellom folk, og då ikkje berre mellom dei tilsette i butikkane og kundane, men og mellom vener og kjente som er innom senteret. Det er mange som nyttar Elvetorget som ein sosial arena og møteplass.

Det fleksible slagordet «... på torget» inngår og som ein del av profilen til Elvetorget, der senteret kan finne passande ord å starte slagordet med ut frå situasjonen. Standardvarianten er «møtast på torget», men ein kan og nytte «skulestart på torget», «haust på torget», «tilbod på torget» eller liknande.

Kjøpesenter har ofte eit noko upersonleg preg. Det er ikkje tilfelle for Elvetorget, og den visuelle profilen understrekar dette.

Finurlig har og produsert to julemagasin for Elvetorget, som og spelar på den uformelle og personlege atmosfæren som pregar senteret. Her kjem lesaren tett på dei tilsette, mellom anna gjennom ulike tips og råd spaltar, eller i form av modellar som viser fram julemoten.

I desse magasina har Finurlig stått for all innhaldsproduksjon. Vi har planlagt magasinet frå start til slutt, forfatta tekst, tatt bilde, utforma annonser, ordna layouten og administrert trykking og distribusjon.

Julemagasina til Elvetorget inneheld ein god miks av redaksjonelt materiale og annonser presentert i ein kreativ og uformell layout.

Finurlig er ein profesjonell samarbeidspartnar innan kommunikasjon og formidling. Vi har kompetanse frå idéfase til innhaldsproduksjon, marknadsføring og distribusjon.

+47 977 71 113

post@finurlig.no

@finurligkommunikasjon