Helle Fabrikker AS


Emballasje, trykksaker, klede, m.m

Gjennom reindyrking av marknadsmateriale med ei sterk lokal forankring har produkta til Helle blitt meir eksklusive i den internasjonale marknaden.
Helle Fabrikker AS vart starta i 1932 og har gjennom snart 100 år vore ei viktig hjørnesteinsbedrift i Holmedal i Askvoll kommune. Opp til 50 personar har vore tilsett i den tradisjonsrike fabrikken som har klart å gå frå å vere ein lokal kniv- og bestikkprodusent til å bli ei internasjonal merkevare.

Hausten 2019 starta vi eit samarbeid med Helle Fabrikker AS knytt til redesign av marknadsføringsmaterialet til selskapet. Målet var å skape eit meir eksklusivt inntrykk av knivar og andre produkt frå den tradisjonsrike verksemda, samstundes som at forankringa i den vesle bygda Homedal i det vesle landet Norge kom tydeleg fram. Lokal identitet og stoltheit i kombinasjon med verdsvant sjølvkjensle stod som sentrale stikkord i designarbeidet.

I samråd med Svein-Erik og Anders hos Helle utarbeida vi ein ny emballasjeserie for knivane deira, eit designarbeid som har lagt mykje av premissa for utforming av anna marknadsføringsmateriale sidan. For å skape det reindyrka og smått eksklusive uttrykket tok vi utgangspunkt i eit minimalistisk deisgn med store einsfarga flater med ein tydelege Helle-profil. Det er få tekstelement og mykje tomrom. Designet skrik ikkje etter merksemd men formidlar på ein subtil måte kvalitet, akkurat slik som knivane til Helle også gjer det.

Eit sentralt element i Helle sitt nye marknadsføringsmaterialet er ein topografisk kartgrafikk som viser konturane i landskapet som Helle høyrer heime i. Dette grepet er ein subtil måte å symbolisere tilhørigheit på, og skape eit inntrykk av nordisk minimalisme, noko som er eksotisk for mange av dei internasjonale kundane til Helle.

Hos Helle går tradisjonelt handverk saman med framsynt nytenking og dannar ei moderne internasjonal merkevare.

Som ein produsent av eksklusivt handverk er Helle ein type selskap som ikkje berre sel eit produkt, men og ein følelse. For slike verksemder er det ekstra viktig å bygge merkevare, og gjennom eit konsistent marknadsføringsmateriale formidle den same bodskapen om og om igjen.

Det er vår oppgåve som designarar å bygge denne merkevara, og utforme lett gjenkjenneleg marknadsføringsmateriale som skapar dei rette assosiasjonane hos kundane.

Marknadsføringsmaterialet til Helle speglar livsstilen som selskapet står for. Eit reint og enkelt liv på naturen sine premiss, fylt med fridom og moglegheiter som ventar på å bli utforska.

Finurlig er ein profesjonell samarbeidspartnar innan kommunikasjon og formidling. Vi har kompetanse frå idéfase til innhaldsproduksjon, marknadsføring og distribusjon.

+47 977 71 113

post@finurlig.no

@finurligkommunikasjon