Vestland fylkeskommune, Vestlandsforsking, Høgskulen på Vestlandet og P-IRIS står bak rapporten "Toolbox 2.0 for Strategic Leadership of Innovative Networks", ein publikasjon som inneheld øvingar og råd for leiing av innovasjonsnettverk. Rapporten vart publisert i 2019 som ein PDF og i ei papirutgåve, og det oppstod raskt eit ønskje om å gjere den tilgjengeleg på nett i ei meir digitalt tilpassa form.
Saman med prosjektleiar Ingjerd Skogseid frå Vestlandsforsking utarbeida vi ei nettside som presenterte rapporten på ein så praktisk måte som mogeleg for brukarane. Innhaldet blir fordelt over ei rekkje undersider som brukarane kan orientere seg i gjennom eit fast kontrollpanel. Nettsideformatet gjer det også mogleg å hente fram og skjule ulike typar støtteinnhald etter behov, noko som betrar brukaropplevinga samanlikna med PDF-versjonen av rapporten.
Som ein del av oppdraget med å konvertere rapporten frå PDF til nettside pussa vi og opp det visuelle uttrykket i den.
Illustrasjonar, figurar og tabellar fekk ein meir moderne og reinare stil, noko som og gjorde formidlinga meir effektiv og gav rapporten eit meir profesjonelt preg.