Runar Matsui-Li


Logo og etikett

Kortreist honning med eit konsept som spelar på den lidenskapelege honningprodusenten bak produktet og landskapet som honningen blir til i.
Runar Matsui-Li frå Kyrkjebø i Høyanger kommune har birøkting som sidegeskjeft ved sidan av virket som prest. Frå dei 24 bikubene han har plassert ut langs Sognefjorden produserer han kvart år honning av ypperste kvalitet der smaken blir prega av dei lokale forholda rundt bikubene.

Sommaren 2020 jobba vi saman med honningprodusenten Runar Matsui-Li fram eit merkevarekonsept for honningen han produserer frå bikuber i og rundt basen han har på Kyrkjebø. Med den tette koblinga mellom landskapet og produktet var det i dette tilfellet naturleg å ta utgangspunkt i dei lokale omgjevnadane i merkevarearbeidet. Det var samstundes viktig å få fram Matsui-Li sin lidenskap for honningproduksjon, og det personlege ved produktet der birøktaren sjølv står for alle delar av produksjonsprosessen frå utplassering av bikuber til det ferdige produktet har kome på glass.

Honningen frå Matsui-Li er ei ettertrakta og smått eksklusiv vare som og blir mykje brukt som gåveartikkel. Vi la "kvardagseksklusivitet" som eit premiss for etikettdesignet som er minimalistisk i uttrykket der fokus ligg på merkevara Matsui-Li. Ulike typar honning har ulik fargepalett på etikettane, men den svarte fjellsilhuetten og layoutoppsettet elles ligg fast frå etikett til etikett.

Logoen til Matsui-Li er ein stilrein typografisk variant der bindestreken er byta ut med ei bie i namnet. Bia gir logoen eit noko mjukare og meir personleg preg, i tillegg til å gje namnet tydelege assosiasjonar mot honningproduksjon.

Matsui-Li er kortreist "kvardags­eksklusivitet" der lidenskap for handverket og den direkte koplinga mellom natur og produkt står sentralt.

Lokalmat er i vinden og merkevarene er gjerne nært knytt til personane bak produkta. Ofte er kommunikasjon med produsenten ein viktig del av kjøps- og kundeopplevinga, noko som og er tilfelle for Matsui-Li. Salshandlinga skjer typisk på marknadar eller via sosiale medier, noko som gjorde det fornuftig å og knyte birøktaren bak produktet tett opp mot merkevara gjennom logo og fotomateriale.

Etikettane til honningglasa til Matsui-Li tilfører eit hint av eksklusivitet til ein elles relativt enkel emballasje, noko som tilfører verdi til produktet.

Finurlig er ein profesjonell samarbeidspartnar innan kommunikasjon og formidling. Vi har kompetanse frå idéfase til innhaldsproduksjon, marknadsføring og distribusjon.

+47 977 71 113

post@finurlig.no

@finurligkommunikasjon