Som profesjonell aktør ønskjer ein gjerne å levere frå seg dokument med ei profesjonell framtoning. Da er ryddige dokumentmalar med element henta frå eigen visuell profil løysinga.
Mange nyttar programma i Office-pakken til å lage dokument og presentasjonar som blir sendt ut og/eller vist fram til andre aktørar. Dette kan til dømes vere tilbod, prosjektomtalar, produktark, oversiktar over tilsette/CVar, eller avtalar. I slike situasjonar kan det vere viktig å framstå som seriøs og kvalitetsbevisst, og da er ikkje eit standard Office-dokument eller ein ferdigmal alltid tilstrekkeleg.
Våre dokumentmalar inneheld alltid:
- Din logo
- Dine fontar og fargar
- Din kontaktinformasjon
Vi kan i tillegg legge til grafiske element og opprette fleire sider etter behov.
OBS: Om vi ikkje har laga den visuelle profilen din vil vi trenge å få den tilsendt for å sette opp din dokumentmal.
Pakkar og prisar
Brevmal (Word)
Standard einsidig brev/dokument-mal i Word med logo, kontaktinformasjon, og eigne profilfontar og fargar.
1700,- eks. mva.
Presentasjonsmal (PowerPoint)
Standard presentasjonsmal i PowerPoint med eigne profilelement. Vi set opp 10 ulike slides med ulike element og layoutar som dekker dei vanlegaste behova under oppsett av ein presentasjon.
4000,- eks. mva.
Ta kontakt om du ønskjer andre typar malar.


