Film

Film er ei av dei mest kraftfulle formidlingsformene som finst i våre skjermbaserte mediekvardagar.

Spekteret innan film er enormt, og strekk seg frå korte klipp på eit par sekund filma med mobilen til større produksjonar. Sluttresultatet blir gjerne publisert på sosiale medier og på nettsider, og fangar merksemd og formidlar inntrykk på ein måte som ingen andre formidlingsformer klarer.

Vi i Finurlig spesialiserar oss på historieforteljing når det kjem til film. Bak våre produksjonar ligg det ofte ein solid plan og eit gjennomtenkt manus, noko som sikrar at det som endar opp på minnekortet leverer bodskapen, stemningane og poenga som du som oppdragsgivar ønskjer. Vi nyttar og gjerne animert grafikk i våre filmproduksjonar til å forsterke formidlinga der det er hensiktsmessig.

Vår utstyrspark beståande av ulike kamera og ei drone, ein mobil lysrigg og opptaksutstyr for lyd gjer oss fleksible i felt. Vi kan ta opp det meste i god kvalitet, utan at innspelinga blir for omfattande og tidkrevjande grunna ein for omfattande utstyrspark. Vår filosofi er å gjere det enkelt, men proft.

Pakkar og prisar

Filmproduksjon varierer stort i omfang. Ta derfor kontakt med oss for ein prat, så finn vi saman dei rette rammene og dei gode løysingane for ditt filmprosjekt.

Filming i Bulandet for Værlandet Havhotell
Filming i Bulandet for Værlandet Havhotell