Foto

Gode foto er alfa og omega innan nær sagt alle former for kommunikasjon og marknadsføring om ein ønskjer eit profesjonelt uttrykk og effektiv formidling.

Fotografering er både kunst og handverk. Ein må ha gode verktøy i form av kamera, objektiv og moglegheiter for lyssetting, samt forståing for utstyret ein har tilgjengeleg under fotograferinga. Men ein må og ha ein plan og tankar for kva som skal formidlast, og evne til å fange motiv, stemningar og augneblink.

Dømer på typar foto vi Finurlig kan ta:

  • Foto på arbeidsplassen/i arbeidssituasjonar
  • Portrettfoto
  • Dronefoto
  • Landskapsfoto
  • Interiørfoto
  • Produktfoto

Vi har eit fleksibelt studiooppsett med studioblitzar og lys tilgjengeleg som kan riggast opp på location ved behov, både innandørs og utandørs.

Pakkar og prisar

Fotopakke 1:

1 time fotografering på location. 15 – 20 ferdig redigerte foto med fulle bruksrettar.

3500,- eks. mva.

Fotopakke 2:

3 timar fotografering på location. 30 – 35 ferdig redigerte foto med fulle bruksrettar.

5000,- eks. mva.

Foto av Høyangbjørn MC
Foto av Runar Matsui-Li og produktfoto
Foto av Havtal AS nytta i annonser
Foto av kommunestyret i Høyanger