Det gir lite meining å tilby gode produkt og tenester om ingen kjenner til dei. Vi hjelper deg med å bli synleg ovanfor di målgruppe på ein måte som skapar verdi.
Effektiv marknadsføring handlar om å formidle det rette innhaldet for den rette målgruppa gjennom dei rette distribusjonskanalane. Det finst nærast uendeleg med moglegheiter innan marknadsføring, og kva som er dei rette typane innhald og distribusjonsplattformer varierer ut frå bodskap og målgruppe. Om målgruppa di er ungdommar kan ei annonse på Snapchat kanskje vere det mest kostnadseffektive. Er målgruppa di heller proffaktørar innan ei spesifik næring er kanskje ei bannerannonse på ein bransjenettstad ei betre løysing for deg.
Vi veit kva moglegheiter som finst, kva som skal til for å lukkast med marknadsføringa, og kva som krevst av innhald og formidlingsformer.
Dømer på typar marknadsføring vi kan hjelpe til med:
- Kampanjar på sosiale medier (Facebook, Instagram, LinkedIn, osv.)
- Innhaldsmarknadsføring og produksjon av innhald til nettsider
- Utforming av annonser for trykk og nett
I tillegg til å køyre kampanjar og produsere marknadsføringsmateriale hjelper vi meir enn gjerne til med å skape innhaldet som skal nyttast i marknadsføringar. Dette kan vere foto, film, grafisk innhald, eller ein kombinasjon av desse. Om vi er med heilt frå planleggingsstadiet til innhaldsproduksjon, utforming og distribusjon kan vi sikre ein raud tråd og eit gjennomarbeida sluttresultat som gjer jobben det er meint å gjere.
Pakkar og prisar
Breidda i typar innhald og kanalar innan marknadsføring er i dag større enn nokosinne, noko som skapar moglegheitar for både små og store budsjett og ulike ambisjonsnivå.
Ta kontakt med oss for ein prat om ditt marknadsføringsprosjekt, så kan vi komme med eit prisestimat og våre forslag til prosess for å realisere dine målsettingar.



