Medierådgjeving

Har du behov for ein fagleg solid medierådgjevar og sparringpartnar innan marknadsføring?

Vårt mål er å gje deg eit størst mogleg utbytte av ditt marknadsføringsbudsjett. Å treffe rett målgruppe er ikkje alltid like lett, og spesielt ikkje med det enorme utvalet av profileringstenester som finst i dag. For å lukkast med marknadsføring og annonsering bør det lagast ein strategi for kva ein ønskjer å oppnå og korleis, og jobbast målretta og kostnadseffektivt ut frå denne.

Har du oversikt over kvar du er i dag?

Vår jobb er å sørge for at du til eikvar tid betalar rett pris for rett produkt i dei rette kanalane. Vi i Finurlig kan hjelpe deg med å få oversikt over marknadsføringsavtalar dere har i dag, og kan ta på oss jobben med å sei opp unyttige avtalar og forhandle fram betre avtalar hos den aktuelle tilbydaren eller andre tilbydarar. Det er fleire fordelar med ein fast medie- og markndasføringsrådgjevar som kan ha oversikten, kan administrere forhandlingar, og som kan kooridinere og gjennomføre ulike marknadsføringstiltak. Vi kjenner alle formidlingskanalar på markanden og kan ta strategiske vurderingar av kva kanalar di bedrift bør velje ut frå kva som er mest kostnadseffektivt og som gir dei beste resultata.

Kva kan vi hjelpe til med?

Vi kan hjelpe dere med å sette opp ein strategi og ein komplett plan for kva medier og marknadsføringskanalar som gir størst effekt for deg, og korleis desse bør nyttast sett opp mot budsjett, målgruppe, tidsperiode og målsetting. Du får ein personleg medie- og markndsføringsrådgjevar som du kan nytte som sparringpartnar og som kan vurdere tilbod dere måtte få på marknadsføringsprodukt. Vi stiller også det fulle tenestetilbode vårt som design- og kommunikasjonsbyrå til disposisjon. Hos oss kan du få hjelp til alt du treng innan kommunikasjon, medieproduksjon, sosiale medier, marknadsføring og profilering. Vi kan hjelpe deg med å finne dei rette marknadsføringskanalane, og med å skape rett innhald til desse.

Pakkar og prisar

Rådgjevingspakke 1:

6 månadar med medierådgjeving. Du får ein total­gjennomgang av noverande marknadsførings­avtalar og utarbeida ein marknadsførings­strategi og plan for ditt selskap for det neste halvåret. Vi passar på at planen blir følgt opp etter fastsett budsjett og mål­setting. Vi står alltid til disposisjon som sparring­partnar og rådgjevar i denne perioden utan ekstra kostnad. Eventuell produksjon av innhald eller design- og marknadsførings­løysingar kjem utanom denne avtalen.

5000,- eks. mva.

Rådgjevingspakke 2:

Alt innhaldet i rådgjevings­pakke 1, men med ein innhalds­produksjonspakke i tillegg. Du får 1 time fotografering med 15 – 20 ferdig redigerte foto med fulle bruks­rettar og 10 timar med grafisk design som du kan nytte fritt etter behov til f.eks utforming av innhald til sosiale medier, trykksaker eller annonser. Dette er ein pakke som gir både ein solid markadsførings­plan og rom til å prodsere profesjonelt marknadførings­innhald.

14500,- eks. mva.