Nettsider

Nettsider er i dag truleg den viktigaste digitale kommunikasjons- og marknadsføringskanalen. Ei godt designa og levande nettside fungerer som eit solid anker for all anna marknadsføring, og vil vere ei verdiskapande heimebane for ditt selskap på nett.

Vi i Finurlig spesialiserer oss på bedriftsnettsider som er unikt tilpassa kunden der presentasjon og kvalitetsinntrykk spelar ei sentral rolle. For oss er både detaljane og heilskapen viktig, noko som fører til gjennomførte løysingar, konsistent formidling, og eit profesjonelt uttrykk. Nettsider frå Finurlig fungerer sjølvsagt godt på alle skjermstorleikar (responsiv design) og er søkemotorvennlege.

Nivået ei nettside får er som andre marknadsførings- og kommunikasjons­løysingar sterkt knytt til nivået på innhaldet den består av, og om det ligg ein solid plan bak valet av struktur og layout. Vi hjelper meir enn gjerne til med å skape innhaldet som skal fylle di nye nettside. Dette kan til dømes vere foto, film, grafisk innhald, eller tekst. Når sida er ferdig og publisert på ditt domene kan vi og halde den levande gjennom innhaldsproduksjon, hjelpe deg med å få besøk til den, sette opp Google Analytics så du får statistikk over besøkande, og/eller sørge for at sida er sikker og fungerer som den skal også i framtida gjennom jamnlege tryggleiksoppdateringar.

Ein nettsideprosess vil variere frå oppdrag til oppdrag, men vil typisk innehalde desse stega:

  • Kartlegging av føremålet med nettsida – kva ønskjer du å oppnå med den, og korleis kan vi skape ønska resultat?
  • Utforming av strukturkart – kva innhald skal kvar
  • Produksjon/innsamling av innhald
  • Utforming av nettsida på eit av Finurlig sine utviklingsdomene
  • Publisering av innhald i det etablerte rammeverket
  • Ferdigstilling og flytting av nettsida frå utviklingsdomenet til ditt domene

Vi bygger alltid våre nettsider frå grunnen av og opp med WordPress som CMS-plattform. WordPress er verdas største innhaldsstyringssystem og tilbyr ein svært stor grad av fleksibilitet både i design og funksjonalitet.

Pakkar og prisar

Utforming av nettsider varierer stort i omfang, både med tanke på innhald, struktur og funksjonalitet. Ta kontakt med oss for å diskutere ditt nettside­prosjekt, så kan vi komme med eit pris­estimat og våre forslag til løysingar.

Sidan alle nettsider utforma av oss er spesial­tilpassa kunden og blir bygd frå botn av og opp opererer vi med ein minstepris på 17 500,- eks. mva. per nettside.

Nettside for UWC
Nettside for Fjordpanel