Den visuelle profilen dannar sjølve grunnmuren i all marknadsføring og visuell kommunikasjon. Ein god visuell profil er praktisk i bruk, har ein tydeleg identitet, er unik samstundes som den gir assosiasjonar til noko kjent, og fortel noko om verdiane og målgruppa til aktøren bak profilen.
Vi i Finurlig legg mykje innsats i utforminga av visuelle profilar, og mesteparten av arbeidet ligg i planlegging, idémyldring og research på jakt etter det rette uttrykket. Dette fordi ein visuell profil gjerne blir til under etablering av eit selskap eller i starten av eit prosjekt, og profilen vil følgje selskapet/prosjektet i lang tid etter. Ein får på sikt svært mykje igjen for ein grundig og systematisk prosess når logoar skal utformast, og fargar og fontar definerast.
Ein profilprosess vil variere frå oppdrag til oppdrag, men vil typisk innehalde desse stega:
- Kartlegging av målgruppe, verdiar og ambisjonar.
- Research og utforsking av moglege stilretningar basert på stemningskart.
- Utforming av logoskisser.
- Utforming av logoutkast basert på den skissa ein ønskjer å gå vidare med.
- Ferdigstilling av logo og definering av fargar, fontar og eventuelle grafiske element.
- Utforming av ein profilmanual og eksportering av logofiler i ulike format og fargevariantar.
Hos Finurlig kan du vere trygg på at du får ein visuell profil som er framtidsretta, som gir ditt selskap eller prosjekt ein tydeleg identitet, og som vil vere funksjonell i alle praktiske brukssituasjonar.
Pakkar og prisar
Utforming av visuelle profilar varierer stort i omfang. Kor stor innsats som blir lagt i prosessen avheng gjerne av ambisjonane aktøren bak har for den aktuelle merkevara som skal etablerast.
Ta derfor kontakt med oss for ein prat om ditt profilprosjekt, så kan vi komme med eit prisestimat og våre forslag til prosess for å realisere dine visjonar og målsettingar.


